du er trøytt no
trøytt av å bli
trakka på
trøytt av å ikkje
kunne gjere noko
med det
sidan det er du
sjølv som trakkar –
og du trakkar
mykje hardare
enn nokon annan
ville gjort
du er trøytt no
det er ikkje
vanskeleg å sjå,
du slår blikket
ned
når eg treff deg
i gata
torer ikkje møte
blikket mitt, av frykt
for å høyre
det di eiga
stemme ville sagt
du er så trøytt,
så sliten
av all smerten
du påfører deg
sjølv,
så trøytt av å
bli sparka
når du ligg nede
så trøytt av å
sjå
dine eigne fotspor
i ditt hardpakka
indre landskap
du er trøytt no,
å, eg ber deg min
venn
løft blikket;
slutt å slå nye sår
på deg sjølv
ta imot hendene vi rekker
mot deg
for du er trøytt no
og vi ser det
men du lest som du er aleine,
du lest som verda står med ryggen til –
og alt vi ser
er ryggen din
Den här texten skulle jag vilja ge till så många ungdomar som mår så dåligt - och tror att det är det de ska ...
SvarSlettDe har så fel, så fel.
Sterkt å lese.
SvarSlettMvh Marie