For eksempel
regnet
som hamrar på
vindauga mine
Ei slørande
blendegardin,
og det er verda
som trekk for
For eksempel
tårene
som aldri finn
vegen heilt ut,
dei som set seg
fast
og fyller meg opp,
det hole karet
For eksempel
redsla,
den kvervlande
frykta
- at eg ikkje er
god nok,
at eg står på
nedste steget i stigen
For eksempel
blikka, alle auga
som kvar dag
strøymer forbi meg
på veg – til og
frå
og ser og ikkje
ser meg, på ein gong
For eksempel
regnet –
Ein vegg eg kan
gå gjennom,
kjenne meg
uovervinneleg…
skjuler alle mine
svake sider
Lovely, havea nice end week.
SvarSlettherlig skrevet...beskrivende om regn som en vegg en kan gå igjennom. Du er så flink med ord!
SvarSlettHelt klart har du ordene, og meg i din makt :-)
SvarSlett