Sjå for deg ein
fruktsalat
for eksempel
og sjå den for
deg utan fargar,
sjå den som grå
og kvit og svart
og du klarar
ikkje skilje ei frukt frå ei anna
eller bli freista
av det du ser
for det heile
flyt saman,
auga skjelnar
ingen forskjell
og tenk korleis
det hadde vore
om vi alle var
like
om vi alle gjekk
likt kledde, eller
hadde på kvite
grå og svarte klede
utan variasjon
utan alt det fargeglade
og vi alle såg
like ut
hadde same frisyre
same augefarge
same tankar
same kjensler
same meiningar
og tenk korleis
verda ville vore då –
Sjølv vil eg
velje fargane,
sjølv set eg pris
på variasjonen,
ingen skulle få
einsrette, gråstille
nøytralisere og
sortere bort
noko som helst
viss fruktsalaten
var berre min –
(The weekend in black and white, World Down Syndrome Day)


Veldig bra skrevet!
SvarSlettJamen, precis så är det! JKanonbra text, exemplariskt illustrerad!
SvarSlettEtt liv utan nyanser ... hade nog inte varit något liv ...
SvarSlettLooks yummy!:)
SvarSlettThis looks delicious!
SvarSlettLitt reklame for farger i livet? Men av og til er liver monokromt, og det er ikke så mange farger å velge mellom. Da får vi lete etter strukturen der vi finner den og dele på det vi finner.
SvarSlettJordbær har en fin struktur uansett :-)
Flott dikt og passende illustrasjon!
SvarSlettLikte B&W bildet, - "ser" fargene fordi bildet er så skarpt!
Min B&W Blog: http://hanshb.wordpress.com/
Det där såg riktigt gott ut!
SvarSlettFlott betraktning!
SvarSlettTakk at du deler :-)
Delicious! ;-)
SvarSlett