Eg lengtar ut dit
kor vindane bles,
der bølgjene bryt
mot berga
og havet brøler
sitt sinne
over folk og fe
øyer og strender
båtar og sjøfugl,
der hav og himmel
går i eitt
og berre vindane
kan skilje
det eine frå det
andre
Eg lengtar ut dit
kor hjartet finn
kvile
i noko større,
der tankane fell
til ro, ventar
sorterer seg i
ryddige rader
og livet får
perspektiv –
der alle mine
store tankar vert små
og alle mine
store lengslar
finn sine
overmenn – i bølgjer, i vind
i svaberg som
ikkje let seg knuse
under stormen
Eg lengtar ut dit
der alt som
fyller sansane
er noko anna enn
meg sjølv
Ord, en längtan, att känna igen sig i!
SvarSlettDen lengselen har eg også ofte, men klarer nok ikkje å sette ord på det på denne måten som du gjer her.
SvarSlettNoko av det som er fasinerande med å bu ved havet er desse kontrastane i ver, vind og årstider. Dei speglar kontrastane i livet på vondt og godt, storm og stille, lys og mørke. Eg finn så mykje eg kjenner meg igjen i her hos deg. Takk for at du deler :)