mandag 13. juli 2020

Sensur

rute etter rute forsvann
frå det store maleriet

dei første rutene var det brei semje om;
obskøne gestar og perversitetar
var greitt å sleppe

så skar dei vekk alt som kunne minne
om hud og hår

og etterpå
alt som var menneskeleg

eller hadde med menneske å gjere
som hus og glas og grasklipparar

så begynte einskildfargar å forsvinne
- for mykje blått, for mykje raudt, for mykje gult

for mykje av for mykje
sa dei, og tok vekk alt som viste meir enn ein gong

og skar ut plantane, fuglane, dyra,
kan ikkje gje dei att presis likevel, sa dei

og skar ut den blå himmelen og dei høge fjella
saman med fjordar, vatn og slettelandskap

til slutt stod berre nokre få firkantar att,
og dei smilte til oss; der, kan de sjå,

der er endå plass til auga
det er berre å ta for seg!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar