det
er eit innslag av vald
i
orda du seier
dei
kryp liksom sjølvsikre ut i verda
møter
lufta med stålkontroll
og
fintar all motstand av bana –
du
seier det er kultur,
at
det er tida i utvikling
og
verda som har endra ham
til
dette punktet – der orda brenn
som
tørka lauv i øyrene mine
og
du smiler og nikkar
medan
tankekonstruksjonane fell
som
forkola stillas
i
ruinane trampar orda dine rundt
og
gliser med blodige ulvetenner
over
kadaveret til det som ein gong var
vår
kultur
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar