mjukt
vandrar du
i
dette framtidslandskapet
av
draumar håp og ord
som
kan byggje bru
mellom
våre tusen øyer
det
er ein annleis meg
som
studerer deg no,
ein
annleis meg som vinkar
frå
ein av mine mange holmar
og
du har andre auge
dei
har endra seg i takt med inntrykka,
for
det bur andre og endra visjonar
i
hjarta våre – tida har drive oss vidare
i
fjordstraumane
likevel
er me dei same
likevel
er brua mellom auga
merkeleg
kjent
likevel
finn orda du seier
gjenklang
i mine eigne djup –
for
me er annleis no
tida
og lyset og vindane
har
endra oss, flytta oss rundt
gitt
nye perspektiv;
men
brua mellom hjarta
blikka
mellom sjelene
er
som då me var her
for første gong


Beautiful composition - love the silhouette!
SvarSlettBeautiful capture.
SvarSlett