mellom
dei høge fjella
slår
me djupe røter,
feste
mot regn og ras og vind
i
dette ugjestmilde terrenget
her
er me
dei
små menneska
i
møte med det store skaparverket
det
er ein snodig symbiose
me
lever i – avhengige og frie
underlagt
lover me ikkje rår over
og
med skeivfordelt makt –
den parten som kan øydeleggje det heile
er den einaste parten
som ikkje kan leve aleine –

What a beautiful place to live - gorgeous photo!
SvarSlettBeautiful capture.
SvarSlett