I dag grov eg eit stort, mørkt hol i hagen,
så djupt, at eg nesten ikkje kunne sjå
botn
Etterpå klatra eg ned,
og her sit eg no,
med hendene for auga, og knea mot
brystet
og ventar
Ventar på noko;
At sola skal sjå over kanten
og fylle mitt hjarte med lys
Eller at nokon skal bøye seg over,
sjå meg og rope meg opp att –
Be meg komme
ut i lyset
og sjå at verda er som før
- for det veit eg jo at den er
Det er berre ikkje så enkelt å sjå det
her nede
kor eg sit
nett no
…
---
…
og ventar – du finn meg vel snart?
#pytondag
Dette har vore ein dag eg gjerne skulle stryke frå kalendaren. På så mange vis. Og det har vore mi eiga skuld, i all hovudsak. Satsar på at laurdagen vert betre. (Biletet tok eg forresten under den førnemnde fjellturen!)
Denne traff meg litt idag. Har en dag der livet føles vanskelig og tungt.
SvarSlettHåper dagen din er bedre.
Vonar dagen din er betre i dag.
SvarSlettVeldig godt framstilt!
God helg!
Jo, takk! Dagen i dag har vore god. Håpar du får ein tilsvarande betre dag i morgon, Laura. Og takk, Sigrid, for endå ein positiv kommentar!
SvarSlettDagen i dag starta derimot ikkje så veldig bra for mellomstedottera mi. Eg skal straks leggje ut dagens dikt om akkurat det; "Skuggen"...