fredag 16. august 2013

Samlarane



Så rart alt er laga –
At små flygande vesen
bomsar rundt, umerkeleg
summande frå blom til blom
- Samlar inn – meir, ja meir!
til famnen er full
og vidare likevel, fortset og fortset
til noko – ei indre klokke? – seier stopp
og den flyg bort, let blomane vere
ei stund…

Neste år kjem det nye blomar
Takka vere – takkar vi? – samlarane
og eit ufatteleg nitid arbeid i det skjulte

ja, så rart alt er laga –
og vi ser det knapt, vi store
som pakkar oss inn i haustkleda
og gler oss til vårblomane
igjen
vil spreie farge og glede langs vegen… 

1 kommentar:

  1. Så underleg og fantastisk tenkt av han som Skapte alt!!

    God helg :-)

    SvarSlett