søndag 1. september 2013

Trollskogen



Stille glir porten opp – lydlaust
og mjukt, som ein katt over mosen,
ei dør inn til skogen, ei dør ut i verda
og Trollskogen opnar sin famn
tek imot
og leier meg vidare inn

Her står trea som levande vitne for tida,
oldingar kledde til fest –
Når morgonen gryr, dansar greinene stille
og vinden og tåka er gjest
Her duvar dei roleg, her nynnar dei mjukt,
om lysare dagar, og mørkare netter 



Den gong Trollskogen levde
med friskare liv
i dagar då verda var fersk
Og alt som hendte, var nytt under sola
- Luktene svirra, dyr utan frykt
og blomane smilte mot sola

Tusen år har dei sett,
Av tid er dei mett
no kneler dei sakte – tilbake…
- Tilbake til molda, tilbake til stilla
Før urmeistarklokkene stilnar mot natt
og røtene løyser seg opp:
Dei nynnar sin song – endå ein gong

Eg lyttar og høyrer
Eg skjelnar – som damp
- røysta som opna opp porten
Det er som eit møte
med meisteren sjølv;
Ei glede vert senka i hjartet,
før Trollskogen døyr;
Eg går – ut i dagen – i fred



3 kommentarer:

  1. Du burde lage bok!

    En skog en kjenner seg igjen i, vakkert mosegrodd.... åsså bruker en ordet som et skjellsord?? makan...

    SvarSlett
  2. wow, I love this troll forest and short story, really magic

    greetings

    SvarSlett