Himmelen speglar seg i vatnet,
men bildet eg ser
er heilt feil
Vatnet kan visst spegle lyset,
og visst kan vi sjå
skyene danse
Og visst gir det inntrykk
av djupne og vit;
eg veit, eg
veit…
kven du er
Men kan du verkeleg sjå
djupnene – i vasspegelen?
Kan du sjå alt som ligg bak?
For himmelen er ikkje berre skyer
eller klarblå luft,
som eit tak over alt vi gjer –
Det spegelen ikkje viser
er gassar og luftlag
og rørslene over og under
Og det verste av alt,
eller best, om du vil:
Du ser ikkje stjernegalaksar…
Nei, spegelen lyg,
Den viser oss delar
av alt – berre den ytre staffasjen
-
Du speglar deg i spegelen på badet
men bildet du ser
er heilt feil
Spegelen kan visst spegle fjeset,
og visst kan du sjå…
…
…
…
…
(linka til Tina's picstory: Ein stück himmel)
Bare så flott!
SvarSlettOm speilen lyver? Hm, viser vel iallefall en bit av sannheten.
SvarSlettJa, men berre ein bit! Det seier ingenting om kven vi faktisk ER!
SvarSlettTexts of your poems I trying not to translate, because it does not go through google translator. Photo is gorgeous.
SvarSlettLenge sidan eg har vore innom deg no, har hatt meg ei stund med å sjå flotte bilder og lese dine ord til dei. Du treff ein nerve. Har du gitt ut orda dine? tenkjer du på det?
SvarSlettBildet her, med si klarheit og med si dunkelheit viser nett orda dine, mangt ser vi, mangt ser vi ikkje.
God helg.
Marieklem