Eg vil teikne ein fugl
på hjarteveggen din
Eg vil teikne med sterke strekar
og fargar som lyser i mørket;
Der går fuglen, med triste auge
og vengjer som subbar i bakken
Ein lutande stil, eit sørgmodig drag
av vemod i skjelvande fjør;
Sakte skiftar dagen mot blått,
snart vender fuglen deg ryggen
Startar å nappe kvar einaste fjør,
bryte vengjene av mot ein stein,
reise seg, endre sitt lynne
trampe blomane under sin fot –
Det er din fugl, det er ditt hjarte
Du må stoppe og trøyste –
før det er for seint
og fuglen er
borte for alltid
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar