Viser innlegg med etiketten godleik. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten godleik. Vis alle innlegg

tirsdag 28. juli 2020

Mot det gode

rota til det gode
veks oppover mot himmelen
der fuglane syng
høgare enn melodien frå fjella

lokkar med sine lyse tonar,
kom, klatre høgare
i lukka som spirar på denne greina
utan botn

så strekk røtene seg mot lyset
og treet
veks ned i bakken, finn feste
i mold og berg

eg er ein stødig stamme
jordfesta, himmelvendt
utstrekt i alle retningar
kor det gode kan fangast inn


lørdag 2. mai 2020

- er det du haustar

livet er
ein forundringsboks, eller
ein fiskedam

her kan du stå ein heil dag
og kaste snøret over kanten
og uti det store mylderet som finst
men som du endå ikkje kjenner

her kan du fiske opp kva som helst
tenkjer du,
sjølv om du litt etter litt oppdagar
at alle dei som er rundt deg
også er oppi øskja,
og stadig vekk heng ting på kroken og nappar
så du kan hale opp

då er det vel mest å håpe
at menneska heng på gode og artige ting,
og at du sjølv
        dei gongane det er du som er der ute,
at du festar positive fiskar
på krokane

 

fredag 3. april 2020

Skine gjennom

innsida av fjeset ditt liknar
dei endelause fjellviddene, med myrull
opne vatn og ei endelaus sol

dette vakre som fyk over landskapet
formar det som skin gjennom

let oss som står på utsida og kikar inn
få del i noko større
enn me kan famne



lørdag 2. februar 2013

Ei stridig sag



Det var den verste saga
eg nokon gong hadde eigd

Då eg skulle sage
bøygde den unna i stille protest

Eg kjefta og smelte
men saga berre smilte opp til meg

og humøret mitt blei endå verre
til slutt kasta eg den frå meg i sinne

Så snudde eg meg for å gå
men då begynte saga å syngje!

Melodien var vakker og sørgmodig
og plankane mine lytta i andakt

Plutseleg begynte dei å dele seg opp
i passe store stykke

og stabla seg fint inntil veggen
akkurat der eg ville ha dei

Undrande såg eg på saga
som fortsatt song og fortsatt smilte

Det var den beste saga
eg nokon gong hadde eigd

Eg lét den syngje i fred
og forlét den med klokare hjarte