Viser innlegg med etiketten god/vond. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten god/vond. Vis alle innlegg

tirsdag 14. mars 2017

Himmelen regnar mot fjella


himmelen regnar mot fjella
ei elv av tårer
for alt som har skjedd

ei elv av tårer
for alt det gode som aldri vart gjort

ei elv av tårer
for alt som burde ha vore -

himmelen regnar mot fjella
eit lys som strøymer
over alt som er godt i verda

eit lys som strøymer
over alt det vonde som aldri vart gjort

eit lys som strøymer
over alt som vart som det skulle

himmelen regnar mot fjella

søndag 14. september 2014

Fragmentert heilskap




Eg har ingen grensedragningar
i mitt indre,
ingen trekte linjer
eller varselskilt
melder overgangar
mellom mørke og lyse sider

Der er ikkje noko skilje
mellom vilje og handling,
mellom fredelege områder
og områder som ynskjer krig;
Det er mr. Hyde du møter i døra, smilande
og dr. Jekyll luskar rundt i mørke bakgater

Alt flyt i hop, til ein heilskap,
og dei ulike fragmenta er mangefarga –

Eg er som ei sommarfuglvinge;
Der er fargerike oversider
og mørke, mindre fine undersider –
men alt er del av same vengja