skuggane
ligg tunge
over
ulendt terreng
der
alle våre vegar snor seg
som
villfarne bekkar
i
terrenget
og
føtene våre går
desse
fuktige stigane,
auga
vår ser
ein
skjult horisont
bak
natt og tåke
eg
er fri,
eg
har ubundne hender
og
kan sjølv velje vegen
du
er bunden,
hendene
dine ber såra
og
føtene har ingen val
ein
dag skal vi møtes,
ein
dag lettar tåka
og
auga vil sjå alle horisontar
ein
dag vil dommen falle
over
fri og træl,
ein
dag må vi svare – for alt –
-
i
dag vel eg vegen;
eg
svingar av, går mot deg
tilbyr ei hand i ditt mørker
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar