Viser innlegg med etiketten glas. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten glas. Vis alle innlegg

søndag 24. august 2014

Gjennom glas




mellom meg og deg
ein vegg, ein veg
å leggje bak seg –

eg strekk ut handa
legg den mot det kalde glaset
møter auga dine

ser inn i ei anna verd
der alt det kalde her
er farga raudt og varmt





ein straum av bilete
filter på filter
over mine regngråe sukk

du legg handa mot glaset
frå andre sida, innsida
av alt eg ynskjer;

eg held auga dine fast
ser at du opnar munnen
og splintrar veggen med eitt ord –
 


(Fototriss)