alt
eg rekna som mitt eige
bak
stengde dører tette skodder
strengt
vaktande over mine skattar
som
ein fresande drake
messa
mitt mantra
mitt
mitt
til
tida rann ut
dørene
vart sprengde alt rasa
falt
saman som visna lauv
teke
av vinden
dess
meir eg prøvde å halde fast
dess
meir vart rive bort
til
eg sat att med smular
og
ruinar av det som hadde vore
i
eit opna landskap
kjende
vindane såg trea trakk inn
den
friske lufta
kjende
hjartet banke feste auga
på
gylne horisontar
høyrde
ei stemme tala
den
kom frå hjartet vinden ruinane
frå
ein stad like utanfor rekkevidde
først
no er du rik
som
ei kviskring
først
no
er
du
verkeleg
rik
