eg leiter og
søkjer
ein skatt
noko stort, noko
flott
av verdi
som kan fylle
mitt hjarte med glede
og dagar med
lukke og fred
eg leitar og ser
etter dag fyljer
natt fyljer dag
fyljer natt
og eg leitar, eg
leitar og søkjer
min skatt, eit
kammer som glimrar
og fyller mitt
hjarte med lengt
i Nod, her i Nod,
slik ein tørst
slik ein svolt
eit søk etter alt
det eg saknar
som gull eller sølv
eller gleder for kropp eller sjel
kven veit kva eg
finn, kven veit
kva som finst,
kven veit kva
kan fylle mitt
hjarte
mi tid mine rom
med lys og latter
og ro –
eg søkjer skatten
i Nod
og veit, inst
inne, at skatten
ligg gøymt i
landet eg rømde
då eg svikta og
snubla
og falt
og at skatten i
Nod,
er alt det som
leier meg
heim
