Viser innlegg med etiketten søndagsteksten. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten søndagsteksten. Vis alle innlegg

lørdag 19. oktober 2013

Hjarte på vegen til Jeriko



du er han eg såg på hjørnet -
eg gjekk forbi
hadde dårleg tid
kunne nok stoppa,
hadde det ikkje vore for…

du er ho som stod aleine
medan dei andre hoppa strikk
sparka fotball
stod i sirklar i skulegarden og lo
- eg snudde meg
vekk

du er han eg såg traske langs vegen
aleine, så einsam og lut
og eg, eg skulle på jobb
på butikken, heim,
eg hadde ikkje tid
- ikkje i dag, ikkje no, ikkje akkurat
seinare heller – du veit; a-planen bular

du er han som sa dei litt galne orda
og dei lo, med vidopne munnar
og eg såg du vart forvirra, flau
litt redd – det var ikkje første gongen
og eg…
…eg let som eg ikkje såg, ikkje høyrde
medan eg humra, litt stille, inni meg

du er ho vi aldri ser
fordi du aldri er der,
du sit heime, på rommet
innestengt i di eiga verd,
så redd for å vise deg fram, stille deg ut,
redd for å dette på nasa – igjen
og eg veit det,
eg høyrer snakket
og går med mitt svarte hjarte
til dei same venene, dei som alltid dukkar opp –

du er han, du er ho, du er alle dei
som har blødande hjarte
av einsemd og knuste draumar
og håp som ligg splintra som glasspel
utover ei verd som er farga i grått

og ropar og undrar –
kor er min samaritan?

søndag 13. oktober 2013

Skatten i Nod


eg leiter og søkjer
ein skatt
noko stort, noko flott
av verdi
som kan fylle mitt hjarte med glede
og dagar med lukke og fred

eg leitar og ser
etter dag fyljer natt fyljer dag
fyljer natt
og eg leitar, eg leitar og søkjer
min skatt, eit kammer som glimrar
og fyller mitt hjarte med lengt

i Nod, her i Nod, slik ein tørst
slik ein svolt
eit søk etter alt det eg saknar
som gull eller sølv
eller gleder for kropp eller sjel

kven veit kva eg finn, kven veit
kva som finst, kven veit kva
kan fylle mitt hjarte
mi tid mine rom
med lys og latter og ro –

eg søkjer skatten i Nod
og veit, inst inne, at skatten
ligg gøymt i landet eg rømde
då eg svikta og snubla
og falt

og at skatten i Nod,
er alt det som leier meg
heim