å, barmhjertige rose
du uskuldskvite blome
naivt
vendt mot verda
med
opne auge, truskuldige blikk
orda
drys som roseblad
framfor
føtene mine – å rose!
du
kjærleiksraude blome
med
eit hjarte som blør i mørket
for
nattmenneska og alle opne sår
let
fargane renne saman,
din
uskuldige, varmblodige kjærleik
som
ein manifestasjon av godleik –
gjev
vi alle kunne møtast akkurat her,
mellom
det naive håpet for morgondagen
og
den varme gløden i vår omsorg
for
dei som lir