Viser innlegg med etiketten vêr. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten vêr. Vis alle innlegg

torsdag 15. mars 2018

Erkjenning



men no
når sola faktisk lyser opp
alt eg har oversett og gløymt
og blendar meg
            rundt annakvar sving
merkar eg
det er mykje kjekkare å kunne sutre
over lysmangel og regn –


onsdag 6. mai 2015

Vêren og auga og eg



javel, eg forstår det slik…
at her er det du
som skal vere den smarte
og intelligente og liksom
den som har kontroll
og føring og alt det der –

så sei meg då…
ein god grunn
om du klarar, til
at det er eg
som går med leiarbjølla
og du
som vik unna med blikket? Hmm?