tankane
kvernar rundt
eldgamalt
liv –
det
levde, det brukte, forsvunne i tidskverna
sin
jamne rotasjon
-
visarane går, snurrar i si eiga verd
heilt
upåverka av våre ynskje eller draumar
vidare,
vidare, år for år
heilt
til vi vert akselererte av
og
berre skuggane står tvilrådde tilbake
Gamle hus får ein til å tenkje over tidlegare tider, og kven som levde der og korleis dei levde.Slikt tenkjer eg meir på no enn før. Det har nok noko med alder å gjera! Fint dikt!
SvarSlettFann bloggen din i dag, tilfeldig, då eg var innom ein annan blogg.
SvarSlettSynest eg har funne ein skatt, vakre bilete og dikt som kryp inn i hjarte og sinn.
Skal legge deg til favorittbloggane mine :)
Flott blogg og flotte bilder!
SvarSlettSer det er fleire og fleire som finn deg :-)
SvarSlettOg vil fylgje deg. Det forstår eg.
Du får meg uansett tema til å tenkje..
Alt godt og god søndag!