Ein
kyrkjegard
Ei
grav, ein stein
Eit
punkt for sorg, ein stad med tårer
Her
kviler dei vi mista,
her
kviler dei som reiste
i
si tid, eller altfor tidleg
eller
før tida kom i det heile –
Dei
som verda ikkje klarte halde,
dei
som glapp – dei som flimrar
som
stillbilete
på
våre indre minnetavler
Dei
som no er støv
og
til slutt vil verte gløymte
når
alle minne vert blåste ut –
Ikkje
slokk lysa i dag
Ikkje
slokk håpet;
Ikkje
frykt dei døde
eller
den store stilla
Ikkje
kle deg i dødens drakt
og
trå inn i den mørke natta
med
redsle i hjarta
og
redsle i dine fotspor –
Tenn
heller to lys,
eitt
lys for dei som reiste,
og
eitt for oss som er att
Stå rak i ryggen,
la tårene renne
kjenn
hjartet ditt banke, det lever,
du
kan gripe ei hand som er større enn di –
Den
store stilla
kan
brytast
av
evig håp –