1
scenearbeidaren
festar grepet
om
taua,
snart
går signalet, og
sceneteppet
kan
heisast
for
den nye våren
2
så
mykje som endå flyt
etter
hundreår på hundreår
i
skotsona;
endå
finst det flak med liv
der
kampesteinar ikkje
har
falt
frå
dei ilske fjella
3
tredje
akt:
der
fjella nesten umerkeleg
glir
frå kvarandre,
let
etter seg
eit
gapande tomrom
på
scena
i
dette tomrommet
er
det plass
til det meste,
heilt ut til fantasien
sine
yttergrenser –
4
publikum
har sett seg
i
andelaus spenning;
her
er doble botnar
her
er usagte ord
flytande
i lufta –
ventar
på brotet,
ei
vassflate som bryt
og
det store, det skjulte
skal
komme til syne
som
ved eit mirakel
publikum
held pusten
i
sine eigne hender,
men
veit det ikkje
5
siste
scene,
musikken
endar, men siste
tone
vert hengande
som
ei nesten uhøyrleg dirring
bakom
tre lag glas
publikum
murrar,
det
var ikkje dette
dei
trudde dei ville få sjå – våren
berre
ei overskrift
og
resten av arket: tomt –
-
så
var det heile eit skodespel;
publikum
reiser seg
forlet lokalet
går
ut i den glasklare kvelden
trekk pusten djupt
kjenner
våren komme siglande
på
mjuke vengjer –