Då
vi var små
drøymde
vi om framtidsmaten;
Ikkje
mat på bognande fat
eller
steik eller fruktfat
så
store som fjell
Nei,
vi drøymde om piller
Piller!
Ei
gul ei til frukost, ei grøn ei
til
lunsj, og kanskje to raude til middag…
Tenk
så mykje tid vi då ville få
til
lego, tikken, boksen går,
brentball,
fotball, stele egg –
(Viss
vi då endå ville vite om egg)
I
dag er vi glade
at
draumar er draumar
og
helst ikkje røyndom,
og
piller kjem fortsatt på toppen,
som
eit substitutt i vintermørket –
Det
sit ein katt
og
trillar ball,
ventar
med to store auge
at
leiken skal ta slutt
Får
eg trille den i munnen din
og
hoppe etter sjølv,
så
skal eg gjerne bringe
allting
rundt
og
kanskje får du vere frisk
ein
dag til –
Vel,
pillene er der, då er det greitt
at
dei i det minste ser artige ut
og
kan brukast som fotoobjekt
meir
enn det
trur
vi ikkje det vert