lørdag 15. august 2020

Motsett i alt

eg vel det motsette av alle
for å få fred -

når de entrar lokalet
som ein bøffelflokk i inngangsdøra,
snik eg meg ut bakvegen
og pustar inn friluft  -  aleine

så kjem de stormande ut
og eg lurar meg inn
tuslar rundt i tomme korridorar
sit i oppvarma stolar
et matrestar i fred og ro

lever det glade liv
i kjølvatnet
av kaos


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar