onsdag 12. august 2020

Ein usynleg song

det stig ein usynleg song
frå dei vide myrene
der menneske har gått      generasjon etter generasjon
og velta torv, drenert, pløygd marka

sett sine spor i landskapet
som er så ubarmhjertig
mot slitarar av alle slag;

i hundre år kan plogen ha velta molda
og bøndene sine tårer og sveitte
har gitt fukt til spirande knollar

tjue år etterpå
står småbjørka og viftar med greinene
i jord som endå har næring
til blafrande bjørkeblad -

men den usynlege songen
vil fortsetje å stige

her gjekk det ein gong eit menneske -
her levde og døydde eit menneske
i kamp mot seg sjølv og naturen



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar