det er eit enkelt bilde
så reine strekar
og rommeleg innhald
under desse bogegongane
går me med rette ryggar,
og symbolet held me framfor oss,
for det er ikkje oss det kviler på
i det heile
så venlege auge, så gode ord
som løftar oss framover golvet
i katedralen
til me kan knele framfor alteret,
og alle symbol vert vaska vekk
til berre hjarta ligg att
som det einaste verdifulle me har
det einaste me har å komme med -
Viser innlegg med etiketten katedral. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten katedral. Vis alle innlegg
lørdag 14. desember 2019
Fisk
Etiketter:
advent,
advent 2019,
katedral,
symbol
tirsdag 30. september 2014
Romleg katedral
eit sus
av vengjeslag
over stille vatn
ein kjent lyd –
liknar varme
tankar
frå dine eigne
draumar;
kroppen er ikkje
lenger
eit stengsel
du bur i
men ein katedral
med opne vindauge
mot Gud
Etiketter:
fred,
katedral,
søndagstema,
vatn
Abonner på:
Innlegg (Atom)
