I venstre handa: Ein kniv
I høgre handa: Ei nål,
med svart sutur gjennom auget
Eg ser over ingenmannsland,
og veit ikkje kva hand eg skal strekkje
mot deg;
Ordren seier venstre,
hjartet seier høgre
Kvifor må det alltid vere
vi og dei?
Kvifor kan det ikkje heite – Oss?
Oss! Eit mykje betre ord enn vi og dei.
SvarSlettGodt tenkt og godt skreve.
Takk!