torsdag 24. juli 2014
Fire dagar før
skyene samlar seg
over horisonten,
endå er himmelen blå
over hovuda
og vi anar ingenting
om det som ligg framfor -
men skyene samlar seg,
himmelen mørknar
og framtidstrua
vil snart ligg skjult
under gjørme og blod
for skyene samlar seg,
det er ingen veg tilbake
til den vi ein gong var
eller dit
vi ein gong ville gå
det er berre fire dagar att
til verda går inn i natta
og alle våre draumar
vert knust
# 1. verdskrigen
Snart skal vi markere hundreårsdagen for starten på 1. verdskrigen. Den store krigen, som endra Europa og førte oss inn på ein heilt ny kurs. Fire år med skyttergravskrig og død, og ingen gjekk verkeleg sigrande ut av konflikta. Og kanskje verst av alt: Den la grunnlaget for krigen som endå står som ein av dei mest grusomme i verdshistoria, nemleg 2. verdskrigen.
Ein kan hente inspirasjon til å skrive dikt frå mange kjelder, og eg har skrive ein god del dikt med 1. verdskrigen som tema. Eg kjem til å leggje ut mange av desse dikta i dei kommande vekene, og alle vil bli merka med etiketten 1. verdskrigen.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Det er alltid noen som vil ha mer makt, noe som alltid går ut over de mest uskyldige!
SvarSlettDu er flink meg ord og dikt! -Margit-
Vacker dikt, fint illustrerad, även om det handlar om det verkligt otäcka i världen!
SvarSlettFint skrive.
SvarSlettDet skal bli interessant å lese framover.
Fin kveld frå Anne-Mari
Great photo to illustrate the lovely poem.
SvarSlett