Camping
Under ein open himmel,
der alt som skal skje
er skjult
bak gyldne horisontar
og alt som har skjedd
er dekka av plast
og sett telt over -
Stille står eg
under ein open himmel,
ventar på regnet
ventar på sola
ser natta senke seg
over eit stille land
I kveld
er det ingenting
som tyngjer hjartet
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar