Viser innlegg med etiketten anti-relativitet. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten anti-relativitet. Vis alle innlegg

søndag 29. oktober 2017

Eit absolutt



det er ikkje slik
at det vi seier har same verdi
eller vekt;

anten har eg feil
eller så har eg rett
- vi kan ikkje vere der begge

(med mindre
vi seier det same)

anten sit det nokon bak
den store steinen,
eller så er der ingen –
svaret får vi ikkje vite
før vi ein dag kan gå bakom
og sjå

(viss då ikkje denne nokon
plutseleg
gjev seg til kjenne sjølv)