Viser innlegg med etiketten skam. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten skam. Vis alle innlegg

tirsdag 16. juni 2020

Fall

kor er du, menneske?
som eit strammande tau
om hender og føter

orda
kveilar seg, ei samanhengande rørsle
kor er eg?
undrar røysta

og eg
veit ikkje
for eg veit ikkje
kven eg er

tida er ikkje lenger eit ope lys
men eit rom
utan vindauge

bak desse veggane ein stad
finst eg,
stemma dreg meg fram
mot eit lys
som vil fortære alt i meg

eg kan sjå meg avkledd
ribba til sjela,
kor er du, menneske?

------- ?

menneske?

...
her, kviskrar eg


søndag 9. november 2014

Linjer



høgreiste, stolte
de ærverdige gamle
og alt de har sett –

hadde vi alle
kunne stå slik, rette
utan børa

frå tusenår
med negative rørsler,
eg bøyer nakken over historieboka

medan de –
de har aldri sagt eit ord
og har ingenting å svare for

høgreiste, stolte
i rette linjer, som eksempel
på skuldlause sinn





(Søndagstema i farge og s/k)

fredag 7. mars 2014

Hawwah



1
Hawwah, Hawwah
du som gøymer deg i jungelen,
det er ei tung bør du ber
på akslene

og at du ikkje kan sjå inn i framtida
er eit lyspunkt i alt det grå

2
I dag, Hawwah, er det du som ber skulda
og døtrene dine betalar prisen,
dei som samlar seg diamantar
og drep sine barn,
dei som kler seg nakne for all verda
medan dei druknar i si eiga frykt
for å ikkje strekke til,
dei som piskar seg og heng på seg lodd
som er altfor tunge å bere,
og trur det er eit krav – frå verda –

3
Hawwah, med bøygd nakke
tek du imot slaga
dei du slett ikkje har fortent,
du tek imot og tek imot og tek imot
og våre hjarte blør for deg
dei blør ditt eige blod, det vi fekk av deg,
no blør vi det for deg
og tårene dine er tårene våre
- det er den same elva
og renn mot det same havet

4
Hawwah, Hawwah
vår mor, vår søster
vår kvinne gjennom alle tider –
Du kan tre ut av din skjulestad,
legge av deg kleda
legge av deg skamma
legge av deg alt som har knust ditt hjarte
igjen og igjen og igjen –
Det du gjorde er slett ikkje ugjort,
men skulda er betalt,
du er fri!



#symbol
 Sjølv om det kanskje ikkje ser slik ut, er bildet i dagens innlegg faktisk eit foto... Motivet er enkelt, og bildeflata endå enklare, likevel passar symbolet, henta frå ei toalettdør, godt som illustrasjon til teksten. Og sjølv om teksten inneheld eit par spark, er den aller mest eit sympatidikt. Det er altfor mange kvinner i dag som lever i ufridom. Då tenkjer eg både på dei som vert direkte (og skammeleg) undertrykt i mannsdominerte samfunn, eg tenkjer på dei som møter fordomar og fordøming for den dei er, også her i vestlege land. Og eg tenkjer kanskje aller mest på alle dei tunge krava og forventningane som kvinner møter kvar dag, spesielt gjennom media. Det er ikkje lett å leve som eit verkeleg fritt menneske, når alt du høyrer frå massemedia (og då særleg reklamen) er at du ikkje er god nok, ikkje fin nok, ikkje populær nok, ikkje fint nok kledd, ikkje har fint nok hår, ikkje har fin nok kropp, ikkje har kvite nok tenner, ikkje... ikkje... ikkje... Det er på tide at vi (altså eg og alle andre menn) begynner å snakke høgare enn reklamen: Du er fantastisk, kvinne! Ver den du er skapt til å vere!
 

onsdag 20. mars 2013

Skuld



Alle skyer over hovudet mitt
Alle grasstrå eg nokon gong har sett
min fot på
og alle tankar eg har tenkt

flyg nærare, nærare
pressar seg saman
rundt gravitasjonsfeltet meg
og ropar: Det var du!
(med ein dirrande peikefinger,
eg skvett av synet og ryggar unna)
Det var du som tenkte oss, det var du
som trådde oss, det var du
som sukka under våre glasklare dråpar
det var du
DU (å, øyrene mine)
som gjorde det, alt saman, det var du
og ingen annan:
Forsvar deg!

Kva skal eg seie? Kva skal eg seie?
(Er det i det heile noko å seie?)
Eg snur meg bort
i skam;
Det var eg, det var eg, og ingen annan --

onsdag 29. august 2012

Skam


Skam, ei kjensle
eg kjenner
fullt ut
Alt det forferdelege,
alt eg gjer,
samlar seg opp
Knyter seg saman
til ein klump
i magen min
Snurrar rundt og knuser
hjarte og sjel
tankar og kjensler
sjølvbilde og glede
Tilbake er berre knuste bitar
og skamma