Alle skyer over hovudet mitt
Alle grasstrå eg nokon gong har sett
min fot på
og alle tankar eg har tenkt
flyg nærare, nærare
pressar seg saman
rundt gravitasjonsfeltet meg
og ropar: Det var du!
(med ein dirrande peikefinger,
eg skvett av synet og ryggar unna)
Det var du som tenkte oss, det var
du
som trådde oss, det var du
som sukka under våre glasklare
dråpar
det var du
DU (å, øyrene mine)
som gjorde det, alt saman, det var
du
og ingen annan:
Forsvar deg!
Kva skal eg seie? Kva skal eg seie?
(Er det i det heile noko å seie?)
Eg snur meg bort
i skam;
Det var eg, det var eg, og ingen
annan --
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar