Naturen set opp eit kuldegitter
Dråpe for dråpe
rennande nedover berget
på veg mot fridomen,
men fanga, i siste liten
rett før det endelege fallet, vekk
og ned, og borte for alltid
kulda fangar inn kvar einaste
rømling
limer dei fast, til eit gitter
og bygger opp fengselet
av molekyl, glitrande og klart,
kaldt og distinkt
--
Svært motvillig
må kulda gje slepp
og late fangane fri frå sitt gitter
i vårsola
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar