Dei er soler, supernovastjerner
Svevande rundt i det opne rommet
Pulserar ut ultrausynlege strålar
berre eit pappahjarte kan fange inn
Der inne – i hjarta – flaksar ei
vengje
Ei eldfloge, glødande lys
Som flammar i blodet, ei elv
gjennom årene;
fyller meg med stjernelyset
frå ho som vassar rundt
under objektivet
så nær – så fjern
eit lysår, ei armlengd --
Varmekjelda til essensielle delar
av det som gjer meg til meg
(Mitt bidrag til måndagstema hos: Alt som er vakkert)

Så vakkert, så stille, så nært. Så har vi de bare hos oss en kort tid - som så små...
SvarSlettSå fin bild...
SvarSlettHa det bra!
Kram Kakan
Så nydelig, nydelig. Bilde og ord, her måtte jeg stoppe litt ekstra opp og bare nyte.
SvarSlettSå utruleg flott!
SvarSlett