Små
diamantar, ein skatt
for
dei som bøyer seg djupt nok
og
ser nøye nok
og
trør forsiktig nok
over
den stivna plenen;
Det
glitrar i millionar av juvelar
Det
er dette som er verdifullt,
kviskrar
frosten mot mine raude kinn
og
let etter seg ei sitring
ei
visse frå djupet
av
det menneskelege hjarte
om
at dette – verdifulle
ikkje
kan eigast, berre studerast frå utsida
og
verdsetjast for det er,
ikkje
det det (ikkje) kan seljast for
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar