Eg set meg på den flygande boka,
let den frakte meg vekk
til framande land, framande folk
og kulturar så fjernt frå min eigen
Frå boka kan eg speide ned,
og sjå korleis menneska har det
i byar og land, i dalar med
framande lukter
og fargar og språk
Frå boka får eg eit nytt
perspektiv,
eg ser det heile så klart og greitt
og forstår, ja, nesten forstår
korleis det heile heng saman
Frå boka kan eg rope og skråle og
le
og fortelje dei alle kva som er
rett
Eg ropar: “Høyr! Gjer det slik,
ikkje slik!”
og riv meg i håret av irritasjon
For ingen høyrer orda frå boka,
mi flygande bok over landet
Og ingen bryr seg om mine rop,
mitt sinne får brenne i fred
Likevel flyg eg, på bok etter bok
Let auga sjå alt det nye
Men kvifor, ja, kvifor? skal eg bry
meg
med alt det eg ikkje kan røre?
Kanskje kan eg, med beina på
bakken,
leggje i veg mot det fjerne, med nyvunnen
kunnskap i sekken
og med den gjere noko med verda?
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar