søndag 24. mars 2013

Konge på eit esel



Ein konge på eit esel,
ein Herre i sandalar
Ein sjef som vaskar føter,
og gret på såre kne

Eit syn vi aldri trudde,
ei gåte så stor for lærde
Dei ristar stilt på hovudet,
og undrar no: kven er han – eigentleg?

Han er og var ugripeleg,
som damp i ope rom
Han smiler stilt, eit dobbelt smil;
av ekte glede, ekte sorg --

O konge på eit esel
O gåtefulle mann, som ber di bør
så tung som tusen fjell: Kor finn du styrken
til ditt smil?

1 kommentar: