Du var ein av dei som braut meg
ned,
sette usynlege, varige spor
i ein ung hjerne, på dreieskiva
Eg frykta deg, unngjekk deg
Håpa du var vekkreist, sjuk
Ein heilt annan stad enn der eg var
Hjartebanken, redselen,
auga mine som søkte over
skuleplassen
og kor eg pusta letta ut
når du ikkje var å sjå
No har vi skifta kalender mange
gongar
Vi er vaksne, begge to
Eg har høyrt rykte om deg,
heilt sidan du slutta på skulen
og flytta vekk
Rykte om rus, og eit annleis liv
enn det eg sjølv har etablert
I dag høyrde eg at du er død --
For eiga hand
I ei gate i Oslo
og eg er berre trist,
for eg tilgav deg for mange år
sidan,
alt då eg høyrde kor du sleit
og eg forstod
at alt var omvendt av det eg trudde
Så rart kan det altså bli;
Den svake reiser seg
Den sterke går til grunne
i si eiga avmakt
og ingen gir applaus
til korkje deg eller meg
Eit utruleg vakkert dikt, til ettertanke. Tusen takk!
SvarSlettTankevekkande. Fint og vàrt formidla.
SvarSlettMvh marie /MT
Hm..vakkert.
SvarSlettSå fint at de likar diktet! Det kosta litt å publisere det, for det er så personleg og handlar om tvers gjennom triste hendingar. Både det som skjedde den gong då, og som eg har tilgitt for lenge sidan, og det at eit menneskeliv kan ende på denne måten. Det er så meiningslaust.
SvarSlettSå lite vi veit om korleis livet vil bli.
Å! Eig eigentleg ikkje ord..
SvarSlettMen takk at du deler!