Kor rart det er å vere
på denne sida
av sommaren
Gå rundt her og vite
kva som kjem
etter kvart
Ikkje vite,
som i sjå
men vite,
som i tru
og håpe
at hjulet
vil snurre
endå ein
gong --
Kor rart det er å tenkje på
at dei grå løvetannfrøa vil fly
til hausten
og at dei endå ikkje er fødde,
endå ligg i jorda og ventar
på å få si tid
Kor rart det er å vere før
alt saman, i starten av livet
og vite:
snart bles nokon liv i det heile,
og alt vil eksplodere i ein kaskade
av fargar og glede!
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar