Eg trur ikkje på skjebnen
- at der skal ligge ei slags
meining bak
alt som skjer,
eller at alt skal vere tilfeldig
og vi er overgitt til eit spel utan
reglar
Eg trur ikkje på skjebnen
eller karma
Eg trur på Han som gir meining
til, og som regel på tross av,
alt eg møter
Og som er eit føreseieleg fjell
midt i mitt opprørte livshav
Han som er stranda eg vil kravle i
land på
når båten min har kjempa mot den
siste
brottsjøen, og tapt
spytta ut, kald – sliten
Skjebne? Nei, eit barn
stille sovande i handa
til Ein som har kontroll
Takk!
SvarSlettFantastisk godt å få vera akkurat der uansett dagen!
SvarSlettSeier Takk eg med.
SvarSlettMvh Marie