I går såg eg eit skræmande syn:
Eg stod utpå bakken,
skulle slå ein påle i jorda;
ein gjerdestolpe, plassert i eit
spetthol
og sleggja i stille bane
over hovudet mitt
før det dumpe smellet mot pålen
som glei endå nokre centimeter ned
Då med eitt, på det fjerde slaget,
høyrde eg ein lyd
mykje djupare og annleis
enn sleggje mot tre:
Eg såg bakken under pålen
byrja sprekke opp, til begge sider
og sprekken strekte seg lenger og
lenger
og rørsla akselererte
Til slutt stod eg att på det vesle
jordet
og såg verda rivne i to
og kollapse
som ein ballong under ei nål
eller eit pølseskinn som vert
vrengt av
før dei krympa restane
av det som
hadde vore jorda
gav etter for sterkare krefter
og større objekt i kosmos;
Dei fall som ein viljelaus komet
og vart slukt - utan ein lyd
av ei brennande sol
Det var eit skræmande syn!
Heldigvis såg eg det før
eg køyrde pålen i jorda,
og fekk stoppa det heile – i tide
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar