fredag 22. mars 2013

Vanskeleg å sleppe taket



Det er ikkje så lett å sleppe taket
når ein er blitt så vant til
- nesten som ein alltid har vore her
og alt anna verkar så utenkjeleg

Det er ikkje så lett å sleppe taket,
vi kjempar til siste slutt,
bit oss fast i vår vesle flekk og insisterer:
det er her vi høyrer til!

Det er ikkje så lett å sleppe taket
når dette er alt vi kjenner til
Dette, handgripelege og nære,
er alt vi veit og vil ha

Det er ikkje så lett å sleppe taket,
likevel: Kampen vi kjempar er nyttelaus;
Ein dag må vi gje tapt for noko større,
verte dregne vekk – frå  oss sjølve

Det er ikkje så lett å sleppe taket,
heilt til vi oppdagar: Vi vert ikkje borte!
Vi endrar form og funksjon, omdanna
til noko anna, noko betre

Det er ikkje så lett å sleppe taket
likevel 

1 kommentar:

  1. Denne gikk rett inn i situasjonen vi står i akkurat nå...tusen takk for så flotte dikt og ord du deler her, du har virkelig en gave - og jeg er gla jeg oppdaget bloggen din :) God helg - og snart påske!

    SvarSlett