søndag 31. mars 2013

Episenter



Påska utgjer mitt episenter,
som navet i året;
Den sykliske rundgangen
mellom lys og mørke, tru og tvil
håp og glede, sorg og sakn
og i sentrum av det heile:
Påska,
ein mann på eit kors, Gud som lir
og sigrar over døden,
trassar kreftene som vil øyda alt saman
og minske verda til ein partikkelball
utan mål eller meining

Påska – mitt episenter
Utgangspunktet for kvar dag eg vaknar,
grunnen til takk og lovsong kvar kveld
og eit bakteppe i alt eg gjer
mellom søvn og søvn

1 kommentar:

  1. Det er mitt episenter også..

    Du har lagt ut så mange fine dikt, tankar, sidan sist eg var innom, flink er du !

    Mvh Marie

    SvarSlett