Viser innlegg med etiketten angst. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten angst. Vis alle innlegg

fredag 6. september 2013

Bak private dører



To lukkelege sjeler,
ho og han og det som er mellom,
det som ligg der – som juvelar
i lufta dei pustar, i golvet dei trør
- Det er deira rom, deira fristad
Det er her dei kan dele seg sjølve,
fullt ut – og vere heile,
ingen andre har noko med
alt det gode som skjer
bak deira dør

I neste kvartal, ei anna dør

to sjeler,
ho og han og det som er mellom,
det som ligg der – som knasande grus
mellom tenner, som spiker i veggane
- Det er deira rom, deira fengsel
Det er her dei kjempar sine slag,
det er her dei slikkar sår, og blåmerker
gror – den ventande krigen
som eit pustande dyr
mot dørstokken

I neste kvartal, ei tredje dør

som skjuler ei sjel,
hennar siste skanse mot verda,
og alt som ligg der – som klagande
tonar, stirrande blikk og tause munnar
gjennom gater så grå som hennar sinn
- Det er hennar rom, hennar einsame øy
Lufta, og tida, står stille,
alt stoppar opp i det ho går gjennom
si blåfarga dør,
inn i lengsla
inn i einsemda…

Tre private dører
Så firkanta og like, med låsar
som lukkar verda ute –
og inne det vi aldri vil få sjå


#dører

Når eg går gjennom bygater, eller gjennom byggefelt, eller køyrer forbi hus om kvelden når det er mørkt, og lysa stråler ut frå stoveglasa, kan eg ikkje la vere å undrast: Lurar på kven som bur her. Korleis har dei det? Er dei lukkelege? Gler dei seg til morgondagen? Ber dei på sorger som knuser dei, sakte men sikkert, til skuggar av seg sjølv? Er dei redde? Har dei slutta å håpe? Det er så mange menneske på denne jorda. Så mange ulike liv. Bak kvar dør bur det menneske som har det annleis enn meg sjølv, lever annleis liv, har andre draumar, andre mål. Dette er ein av dei tinga som gjer det spennande å vere menneske!

tirsdag 3. september 2013

Fall gjennom tåke



Eg fell gjennom regnfulle tåker,
Eg fell mot den doggvåte mark

Eit fall gjennom tida, eit fall
Mot den eg har vore ein gong

Det er dagar som kvervlar og år som vil fly
Som dråpar og strålar av regn

Det er tankar som ber meg, eit minne
Som stålpiler hardt gjennom kroppen

Eg fell, ja, eg fell, om og om, om igjen
- Eg ser verda som snurrar, der nede

Bakken nærmar seg, tåka vil lette
Eg opnar min munn til eit rop…

…mi smerte som lyn gjennom natta

Så startar det heile på ny,
Eg ser verda, den snurrar der nede –

Meg sjølv som ein svevande fugl,
Etter år – ein heil flokk utan namn

Tida reinsar, mi tid vert sortert
Eg fell gjennom tåke og tid

tirsdag 2. juli 2013

Smerte, indre



Det er den gamle raspinga
- metall mot metall,
stein mot stein,
eg høyrer den, kvar natt

Kvar gong mørket sig på,
og natta kveler lyset
Kvar gong tankane svartnar
og redsla kjem krypande
på blodige kne

Det er den gamle raspinga
- sorg mot sorg,
angst mot angst,
eg kjenner den, kvar natt

Kvar gong hjartet vert knytt
og auga mine ikkje lenger kan sjå
lys, håp, glede
ei framtid å lene seg mot
eller strekkje seg etter

Det er den gamle raspinga
av smerte
noko langt der inne
som ikkje slepp taket
ikkje vil la gå
ikkje let meg fri, før eg kryp saman
gispar etter luft
ropar etter lys
klamrar meg til siste rest av grønt gras
før vinternatta