Som ein tanke,
ein draum,
noko flyktig du
ikkje kan sjå
Likevel så nær at
ingen er i tvil;
det var vinden
som kom –
Som kjærleik, som
håp,
alt det vi veit
er der, ein stad
og som vi kjenner
og lengtar etter –
Men kven kan skildre
kjærleiken?
Kan du vise meg
ein farge
som svarar til ei
kjensle av tryggleik –
Kan du forklare
korleis fred ser ut?
Du ser ikkje
vinden, du kan ikkje fange
ei krukke med
kjærleik
eller ein neve
håp –
Vi kan berre
skildre det som er rundt,
alt som skjer,
når kjærleiken, vinden og håpet
er der, som
krefter som flyt over seg sjølv
og set spor i den
fysiske verda -
Bildet ditt viser hva vinden kan gjøre - det blir konkret. men før det?
SvarSlettfint bilde og tekst!
SvarSlettThe poor tree! Good composition.
SvarSlettSom alltid en fin tekst med tilhørende bilde!
SvarSlett:)