Viser innlegg med etiketten start. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten start. Vis alle innlegg

fredag 26. mars 2021

På ny på ny

me kunne kanskje ta til att,

starte opp der me slapp


gripe dei gamle orda

eller finne nye som passar betre

der me er no


la orda vekse seg større med tida,

sørge for vekstvilkår

i eit karrig landskap


vere det me ikkje var

før me vart det me er

og kan leve med dette

å vere slike som stadig vert


tvinga til å starte på ny


det er jo noko fint i det også

torsdag 3. september 2020

Paratid

her set me startstreken
-
den som kryssar
må møte vind utan kraft
og regn utan vatn

ein song om vinter
eit hjarte av snø

eit fjell som grin
ørnar som stupar som piler

ei elv utan straum, ein skog utan tre
ei eng utan blomar og gras

ei marihøne
som har gått seg vill

dører, vindauge
utan opning, utan utsikt

ein dag der tida står stille

så set me målstreken her
-
og let att klokka