Viser innlegg med etiketten namn. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten namn. Vis alle innlegg

søndag 22. desember 2019

Gullord

i eit hav av ord
er det alltid nokre
som skil seg ut,
nokre som lyser mot deg
med bokstavar av gull
og glitrande perler langs kantane

desse orda legg du på himmelseng
i det finaste rommet i sjela,
og vaktar dei
som var dei frå Salomos miner -

ord
som med tida formar den du er
og byggjer om rommet til eit eige palass

og ein viktig observasjon
ein kan leggje seg på minne:
nesten samtlege av desse orda
er namn
        eller nært knytte til namn
på personar som har vore der, i livet ditt
og vore viktige for den du har blitt -


fredag 1. juni 2018

Namnet




fortsatt er det nokon som strekk seg
som fortvilte pronomen
mot dei større linjene på arket

veit der er eit namn
dei aldri kan erstatte
og så mange andre
             dei er for store til å nå

likevel
vil dei aldri slutte å strekke seg
etter dette eine namnet
             n-a-m-n-e-t
det som femnar om alt
             dei ikkje klarar å fatte



søndag 11. mars 2018

Namnet



der er berre eitt namn
éin veg å gå
éin stige å klatre
ut frå desse ruinane
etter eigne prestasjonar

medan lokkeropa frå sumpen
festar seg som borrar på huda,
ynskjer å dra meg attende
til det miserable

er der eit namn, ein veg
eit lys
som løftar meg inn
der varmen og kjærleiken
har sitt opphav